Jacob Mathias Tax

Jacob Mathias Tax

Mann 1625 - 1669  (44 år)

Personlig informasjon    |    Hendelseskart    |    Alle    |    PDF

  • Navn Jacob Mathias Tax 
    Fødsel 1625  Freiberg, Sachsen, Tyskland Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Kjønn Mann 
    Yrke Bergmest. Røros 
    Død 1669  Trondheim, Sør-Trøndelag Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Begravelse 12 Jan 1670  Vår Frueskirke, Trondheim, Sør-Trøndelag Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Notater 
    • Jacob Tax var kongens bergmeister nordafjells og leia sjølv i periodar drifta ved kopparverka på Løkken og Røros.
      Tax kom til Noreg 1652 saman med Brostrup Gjedde, Daniel Barth og to brør. Den mest kjende var Johann Georg Tax, seinare direktør ved Røros kopparverk. Brørne kom truleg frå Freiberg i Sachsen, ein gammal bergverksby.
      Tax var først rådgjevar for bergkommissær Gjedde på Kongsberg. 1654 vart han sjiktmeister ved koppargruvene i Kvinnherad i Sunnhordland, og 1656 vart han utnemnd til bergmeister og forvaltar for smeltehyttene i dei nordafjelske bergverka. Han fekk ordre om å bygge opp Løkken kopparverk i Meldalen og var sjølv direktør der til 1657, medan Johann Georg Tax var hytteskrivar. Jacob Tax var også ei tid leiar av Ytterøya kopparverk ved Trondheimsfjorden 1659 bygde han den første vertikalsjakta ved Kvikne kopparverk i Tynset og gjekk opp grensa mellom Kvikne og Løkken.
      Etter at direktør Johannes Irgens på Røros døydde 1659, vart Tax direktør der. Han betra arbeidsforhold og teknikk, men greidde ikkje å innføre krutsprenging. Store gruveulykker i Falun og Freiberg skræmde. Han kom også i konflikt med bergverkseigar Joachim Irgens, ikkje minst på grunn av lønns- og arbeidsforhold. Under den kristelege Tax var det nok ikkje lett for verkseigarar å skalte og valte som dei sjølve ville. Han var sterkt oppteken av arbeidaruroa på Røros og tok “den gemene manns parti” i motsetnad til Christian Arnisæus, som overtok direktørstillinga på Røros.
      Tax var medeigar i Elvedalske kopparverk nær Tynset, og visstnok også i Ytterøyverket, Soknedalsverket, Ulrichsdalske kopparverk i Klæbu og Mostadmarka jernverk. Dessutan var han med på “Øresund kopparverk” ved Aursunden nær Røros saman med bergskrivar Claus Rasmussen.
      1664 prøvde Frederik 3 og statthaldar U. F. Gyldenløve å få kontroll over kopparproduksjonen i Noreg, truleg etter forslag frå Tax. Kongen kravde at alt koppar skulle sendast til Glückstadt i Holstein, men bergverkseigarane Irgens, rentemeister Henrik Müller og kongens kammersekretær Christoffer Gabel var for sterke.
      1666 vart det uro på Røros. Tax tok imot klageskrift frå bergfolk og førslebønder, der dei klaga på at dei ikkje hadde fått lønn på fleire år av bergverkseigar Irgens. Han fekk betra arbeidstilhøva for ei tid, men etter at han gjekk bort 1670, vart vilkåra på Røros forverra.
      1668 la statthaldar Gyldenløve ned forbod mot å utføre koppar. Det var for endeleg å få full kontroll over kopparsalet. Høgst truleg hadde Tax underretta Gyldenløve om at det framleis var mykje ulovleg sal av koppar i byen. Men bergverkseigarane vart igjen for sterke. Da gav Gyldenløve opp.
      Sonen Brostrup Tax (ca. 1668–1738), truleg oppkalla etter Brostrup Gjedde, vart skoginspektør nordafjells og seinare direktør ved Kvikne kopparverk.

      Manntall 1666
      https://media.digitalarkivet.no/ft10051005202175
    Person ID I8182  My Genealogy
    Sist endret 6 Jan 2018 

    Familie Christine Hoffendorf, Hogendorp,   f. 1632   d. 1675, Vestrum, Inderøy, Nord-Trøndelag Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 43 år) 
    Barn 
     1. Blostrup Jacobsson Tax,   f. 1667, Røros, Gauldal, Sør-Trøndelag Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 8 Okt 1738, Løkken, Meldal kommune, Sør-Trøndelag Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 71 år)
    Famile ID F5883  Gruppeskjema  |  Familiediagram
    Sist endret 9 Jul 2011 

  • Hendelseskart
    Link til Google MapsFødsel - 1625 - Freiberg, Sachsen, Tyskland Link til Google Earth
    Link til Google MapsDød - 1669 - Trondheim, Sør-Trøndelag Link til Google Earth
    Link til Google MapsBegravelse - 12 Jan 1670 - Vår Frueskirke, Trondheim, Sør-Trøndelag Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 
    Tegnforklaring  : Adresse       : Lokasjon       : By       : Fylke/Grevskap       : Stat/Provins       : Land       : Ikke satt




Webmaster Message

Vi prøver å dokumentere alle våre kilder i dette familietreet.
Hvis du har noe å legge til, la oss høre fra deg.
Tusen takk !